Ta til venstre frå fylkesvegen 100 meter ovanfor Rondane SPA Høyfjells-hotell. Gå brua over bekken og følg blåmerkt stig gjennom skogen. Ulafossane kastar seg foss etter foss utfor på veg ned mot den idylliske Uldalen. Når du kjem til Ulbrua, går du over og følger grønmerkt stig nedover på andre sida til du kjem til bilveg. Følg bilvegen nedover til Ultungbrua, opp på den gamle Mysusetervegen og attende til Mysuseter.
Ultungnamnet kjem av det tungeforma landskapet mellom Vesle-Ula og Stor-Ula. Frå Ultunga ser du over til Kampesetrene og den fine Grønlibekkfossen. Dalen innover langs Vesle-Ula er svært idyllisk.
Stigen er ikkje merkt, men du kan følge gamle skogsvegar og stigar heilt fram til den flotte Vesleulfossen.
Ultungkvea tilhøyrer Midtre-Dahle, tidlegare var det setra til Sygard Loftsgard. På 1700-talet tilhøyrde ho Nyhusom og hadde fast busetjing.
Den siste som var fastbuande i Ultonga døydde ved Ultongstein i Raphamnsfjellet på heimveg frå kyrkja først på 1700-talet.